BerGIS

Kartportalen BerGIS

Dei historiske karta i BerGIS dekker perioden ca. 1830-1881. I denne perioden blei rodesystemet nytta som både adressesystem og matrikkelsystem. Med unntak av historiske kart inneheld BerGIS ikkje historiske kjelder, men kartportalen inneheld eit vektorlag basert på rodekartet 1887 (rekonstruert 1934). Kartportalen kan også vise kartlag for gjeldande eigedomsgrenser.

Kjeldevisning i BerGIS virkar ikkje fordi Digitalarkivet la ned tenesta Gamle Digitalarkivet i 2019.

Alternativt kartportalen UrbGIS

Karta for Bergen i UrbGIS dekkjer hovedsak perioden 1881-1957. I denne perioden var adresse- og matrikkelsystemet basert på gatenamn og -nummer. Kartpotalen UrbGIS er integrert med folketeljingane 1900 og 1910 (Digitalarkivet)

Meldinger og referanser

14:10.2024: Bergis på ny plattform. Noko ustabilitet venta

19.06.2023: Historiske kartlag (Bergen 1855 og 1887) henta frå Bergen kommunes kartserver.

1.01.2021: UiBs kartserveren er lagt ned, og erstatta med historiske kart frå Bergen kommunes kartserver.

14.06.2019: Digitalarkivet har stengt ned Gamle Digitalarkivet (GDA). Derfor virkar ikkje kjeldevisning i BerGIS

1.04.2017: Kartportalen BerGIS er overført til ny infrastruktur.

Litteratur og referanser

Bergen kommune, 1888, Bergen byes Matrikel, Les i nytt vindu

Terje Skrolsvik og Yngve Nedrebø, 2006, Transkripsjon av rodedelen av matrikkelen 1887 [DBF: datafil]

Arne Solli, BHFS 2005

Arne Sollu, Årbok 2007

Takk til Endre Leivestad, Håkon Haugland, Mona Nielsen, Yngve Nedrebø, Terje Skrolsvik, Helge Opedal...

Nyttige lenker

Rodesystemet 1778

Andre bylandskap

Centre for Urban History

Dansk center for byhistorie

-Städtesystem und Urbanisierung im Ostseeraum in der Neuzeit

A Vision of Britain 1801 and 2001

 

Tidlegare partnarar

Statsarkivet i Bergen

Etat for plan og geodata og Byarkivet

UBB Spesialsamlingen


Om den tidlegare ("gamle") kartportalen BerGIS

Kartportalen BERGIS hadde kartfeste opplysningar om hus, grunn og folk i Bergen frå 1686 til byrjinga av 1900-talet. BerGIS var i full drift i perioden 2007-2019.

Kartportalen var ein geografisk inngang til eigedomsregister, grunnbøker, kyrkjebøker, branntakstar og folketeljingar. Gjennom ulike kjelder kan du følgje ein bustad (tomtegrunn) og dei som budde der i perioden 1686 til 1906.

Kartportalen BerGIS var eit Historisk Geografisk InformasjonsSystem (HGIS). Kjernen i kartportalen er digitalisering (vektorisering) av eigedomskart for Bergen per 1888. Dette eigedomskartet viser tomter og tomtegrenser og er supplert med eldre og nyare kart. Vektoriseringa omfatta først og fremst tomteomriss, sentrale bygningar og plassar og adressepunkt i siste halvdel av 1800-talet. Både tomter og adressepunkt er knytt til digitalisering av historiske eigedomsregister. I kartportalen var tre eigedomsregister digitalisert ved transkripsjon, i retrospektiv rekkjefølgje: Matrikkelen for Bergen 1887 (gateadresser), rodematrikkelen (rode og nummer) for Bergen 1778-1887 og to grunnleigeprotokollar, grunnboka 1686 og 1753. Mange historiske kjelder har adresseinformasjon. Dette galdt folketeljingar, kyrkjebøker, skattelister og brann- og verditakstar og mange av desse kjeldene er digitalisert i Digialarkivet. I kartportalen var digitale data kopla til kartet ved programmering og automatisk lenking av adresseinformasjon. Dette gjorde det mogeleg at kartportalen representerte ca. 300 000 person-hendingar i Bergen med vekt på perioden 1775−1910.

BerGIS var også del av by- og urbanhistoriske forskingsprosjekt ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap (AHKR) ved Universitetet i Bergen frå ca. 2006. Bysamfunns fysiske og geografiske utstrekning, byrommet og bylandskapet er i stadig endring. Prosjektet var leia av Geir Atle Ersland og Arne Solli vektla dei topografiske, morfologiske og sosiale endringane over tid i bysamfunn. Ved å tilføre ny historisk kunnskap om bysamfunn ved bruk av komparative perspektiv der ein kombinerte romleg variasjon, endring over tid, kart og ny teknologi. Fleire hovud- og masterstudenter i historie har ytt viktige bidrag innafor desse pespektiva og tilnærmingane. For meir informasjon om forskingsbidrag, masteroppgåver, bøker og artiklar bruk søketensta bora.uib.no.

Kjeldene i BerGIS var basert på "gamle" Digitalarkivet som var utvikla og vedlikehalde av Jan Oldervoll ved AHKR. Arkivverket la ned denne tenesta for godt i 2019. Nokre av kjeldene i BerGIS var tilgjengleg frå serverar frå Aksis (seinare Unifob Aksis). Desse tenestene(servarane) har også blitt lagt ned etter omorganiseringar og nedleggingar frå 2009 og seinare.

Dei historiske karta i BerGIS var tilgjengeleg på ein ESRI ArcServer ved IT-avdelinga ved UiB. Denne serveren og tenesta blei fasa ut i 2020.

Å vedlikehalde avanserte og integrerte tenester som BerGIS med ein stendig skiftande infrastruktur, sikkerhetspolicy, nedleggingar og omorganiseringar er både ressurskrevande og tidkrevande. Forskingsprosjekt har ikkje finansiering utover prosjektperioden (typisk 1-3 år), og derfor er både forskingsprosjekt og forskingsinstitusjonar ueigna som finansiering av permanent drift og vedlikehald av avanserte IT-løysingar.

Rodesystemet

Revisjon av rodenummereringa 1777-1778


Tabellen under dokumenterer endringane i rodesystemet etter at Albert Christian Krøpelin i perioden 1772-1777 identifiserte grunnane i grunnboka 1686 og GBB1753 med rodesystemet i branntaksten 1772. Revisjonen av rodesystemet har truleg skjedd i 1778 i samband med branntakseringa dette året.

NB! Dette oversynet blei sett opp i 2006 før Grunntaksten 1778 (Bergen byarkiv, BBA Tilv. 670) var kjent. Sjå meir om forholdet mellom rodenummeringa 1772-77 og 1778 i artikkelen: Arne Solli, Eigedomsregistrering i Bergen gjennom 350 år. Bergens historiske forenings skrifter 2013 ;Volum 108. s. 147-164.


Rode
Endringar
Grunnar  påvirka av endring
Branntakst 1772
Undersøgningsforretning Michaeli 1775 (ACK1772)
Branntakst 1778
GBB1753-81

1
Ingen
0
1-186




2
Ingen
0
2-52

2-53 lagt til


3
Ingen
0
3-75

3-76 lagt til


4
Ingen
0
4-89




5
Frå 5-41
ca. 150
5-192

1772:5-41 teken bort. Alle etterfølgjande grunnar har grunnnr -1 i høve til 1772
Revidert numerering frå og med 5-42, jfr. bbg4083.jpg
6
Ingen
0
6-91




7
To eller tre endringar, både samanslåing/bortfall og deling?
ca. 30
Siste: 7-43

Siste: 7-42 (Strangehuset)
Endring etter 7-12 og ved 7-21.
Revidert nummering frå og med 7-13

8
Omfattande endringar i rode 8
Alle?
Siste: 8-57

Siste: 8-53
Dei to første grunnane i 1772 er borte, men dette er berre starten!

Revidert numering frå og med 8-3, jfr. bbg4145.jpg, 1772:8-3 er blitt til 1778:8-1. Det kan virke som heile roden er renummerert?


9
Renumering frå kring 9-150 og ut roden, ein grunn har blitt fjerna, -1
ca. 14
9-164

Siste: 9-163
Endring etter 9-150
Ein grunn har blitt lagt til på slutten
Revidert frå og med 9-150?, jfr. bbg4142.jpg
10
Ingen kjende endringar
0
10-162

10-162


11
Endring ein stad etter 11-180, to grunnar er lagt til etter 11-180.
ca. 80
11-261

11-263
Revidert etter 11-180
12
Fire grunnar fjerna?
ca. 30
12-80
12-76
Revidert frå og med 12-

13
Ingen kjende endringar
0





14
Ingen kjende endringar
0





15
Ingen kjende endringar
0





16
Ingen kjende endringar
0
16-104
Starvhusgrunnar mellom 16-81 og 16-82
Stravhusgrunnar eiga hefte 16-105, dvs. Rådhuset er lagt til på slutten.
Starvhusgrunnar mellom 16-81 og 16-82


17
Tre grunnar fjerna. -1 ved 17-25, dei to andre må vere fjerna ved høgare nr.
ca. 35
17-58

17-55
Revidert frå ca. 7-25, jfr. bbg4258.jpg
18
Ein grunn fjerna. -1 ved 18-80
ca. 80
18-172

18-173


19
Ingen kjende endringar
0
19-71
19-71


20
Ingen kjende endringar
0





21
Ingen kjende endringar
0





22
Ein grunn skoten inn etter 22-71
mindre enn 70
22-135

22-136


23
To grunnar skoten inn etter 23-78
mindre enn 80
23-164

23-166
Revidert med +2 etter ca. 23-120?

24
Ingen kjende endringar
0
24-171

24-171



















Revisjonen av rodesystemet må ha skjedd etter mars 1777 fordi då blei hefte 23 (Rode 23) godkjent og underskrive av rodemesteren i rode 23.


Arne Solli, Bergen 7.01.2006